Deltakarane skal lære å ta mål, klippe og sy ein Nordfjordbunad til herre.
Deltakarane må ha grunnleggande kunnskapar om å sy både for hand og på maskin for å delta på kurset.
Symaskiner, utstyr til måling og damping, sakser, prøvefigurar, mønster til herrebunad ++
Veiledning med instruktør/lærer
Praktisk trening/arbeid
Deltakarane syr kvar sin bunad under veiledning av instruktør.
Kursleiar/instruktør har gjennomført kurs i skredderfaget.
Deltakarane får ingen formell kompetanse, men skal etter avslutta kurs vere i stand til å måle opp, klippe og sy ein herrebunad frå grunnen av.
Det er stor etterspurnad etter herrebunad frå Nordfjord, og altfor få som kan å sy dei.
Derfor er det viktig med kursing slik at fleire kan lære seg dette handverket.
