1679 Bokprosjektet

Godkjent for 8–45 timer  |  4–10 deltakere  |  inntil 100 % elektronisk kommunikasjon

Læringsmål

  • Å lage ei bok med tittelen "Fikser alt!", med historier om korleis ungdom i alderen 15-25 år og har løyst ei utfordring i lokalsamfunnet eller i eigne liv gjennom erfaringar dei har fått i 4H.
  • Å lære metoder og arbeidsformer i ei prosjktgruppe.
  • Å klare å få ferdig boka på tampen av 2015.

Målgruppe og ev. krav til forkunnskaper

Ungdomar mellom 14 og 18 år

Innhold

1. samling
TmL: 15
Tema:

  • Å skrive godt og interessant.
  • Ideprosessar.

Stikkord:

  • Bli kjent med måla i prosjektet.
  • Skrivekurs og sjangerlære.
  • Idedugnad rundt boka.
  • Intervjuteknikk og praktisk arbeid med tekst og intervju.
  • Planlegge eigenarbeid knytt til det individuelle 4H-prosjekt til kvar enkelt deltakar.

Arbeidsform og gjennomføring:

  • Forelesning.
  • Idemyldring.
  • Praktisk arbeid med rettleiing.

Problemstillinger:

  • Korleis skrive godt og interessant for ungdom?
  • Kva vil vi fylle boka med?
  • Korleis gjere eit intervju?
  • Korleis kan eg bidra til boka?

2. samling
TmL: 15
Tema:

  • Foto og fotoredigering.
  • Vidare arbeid med tekstar og andre bidrag til boka.

Stikkord:

  • Korleis ta gode bilete og korleis redigere?
  • Kva har vi gjort på eiga hand mellom første og andre samling?
  • Vidare idemyldring rundt kva meir vi vil ha i boka.

Arbeidsform og gjennomføring:

  • Forelesing.
  • Idemyldring.
  • Praktisk arbeid med tekst og foto under rettleiing.

Problemstillinger:

  • Kva er eit godt motiv?
  • Korleis kan bilete fortelje ei historie?
  • Korleis redigere bilete?
  • Kan teknikken hjelpe oss?
  • Korleis bruke foto saman med tekst eller fortelje via foto?

3. samling
TmL: 15
Tema:

  • Idear til grafisk utforming.
  • Design av ei bok.
  • Sluttføring av bidraga til boka.

Stikkord:

  • Grafisk utforming / design av boka.
  • Korleis skal sluttproduktet sjå ut?
  • Design og målgruppe.
  • Introduksjon til 4H sin grafiske profil.
  • Vidare arbeid med individuelle bidrag til boka.

Problemstillinger:

  • Korleis skal boka sjå ut reint grafisk?
  • Korleis er designet med å bygge opp under tematikken?
  • Kva må vi gjere i tida framover for å komme i mål med prosjektet?

Læringsressurser (utstyr, bøker, filmer, lenker etc.)

For deltakerne:

Vi vil nytte nokre eksterne lærarar og desse vil ta med fagstoff til bolkane om tekstskriving, foto og design. Deltakarane vil nytte 4H Norge sitt nye digitale prosjektverktøy i prosessen.

Organisering og arbeidsmåter

Se innhold. 

Krav til lærer/instruktør

Vi vil til kvar samling ha med ein ekstern lærar innan dei tre emna tekstskriving, foto og design. Resten av samlingane blir styrt av ei prosjektgruppe på tre som alle har erfaring og/eller utdanning innan media.

Avsluttende prøve/eksamen

Vi vil evaluere på slutten av kvar samling og oppmode deltakarane om å ta kontakt med prosjektgruppa om dei har innspel også mellom samlingane. Kvar deltakar vil skrive ein rapport om arbeidet sitt knytt til 4H-prosjektet, og vi vil samle desse i ein felles rapport om korleis deltakarane har jobba i prosjektet og kva dei har lært.

Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i voksenopplæringsloven

  • Å bidra til å vedlikeholde og styrke demokratiet og legge grunnlag for bærekraftig utvikling ved å engasjere og utvikle aktive medborgere.