137 Grøn framtid

Godkjent for 8–48 timer  |  4–15 deltakere  |  inntil 100 % elektronisk kommunikasjon

Læringsmål

Gjennom Grøn framtid inviterer 4H til fire helgesamlingar med ulike tema. Dei som melder seg på kan vere med på ei, fleire eller alle samlingane. Tema for samlingane er sau og lam, mjøkeproduksjon, og generelt om naturbruk og naturbruksutdanningane.
Mål:

  • gje deltakarane kunnskap, opplevingar og erfaring med ulike typar næringar og bedrifter
  • gje deltakarane nettverk
  • gje deltakarane noko kjennskap til livet som sjølvstendig næringsdrivande
  • inspirere deltakarane til å velje utdanning innan naturbruk og til å bidra til bygdeutvikling.
  • lære om stell og foring av gris
  • lære om mjølkerobot
  • få innblikk i den daglege drifta hjå storfebonden
  • lære om kalving/lamming i praksis
  • lære om årshjulet til ein sauebonde

Målgruppe og ev. krav til forkunnskaper

Ungdommar i alderen 14 – 19 år som er interessert i naturbruk

Innhold

20.-22. januar:

  • Samling på landbruksskulen Gjermundnes vidaregåande (Vestnes kommune).
  • Ver med på fjøsstellet, lær om tilboda ved skulen og utdanningar innan naturbruk.

3.-5. mars:

  • Samling hos mjølkebonde Jorunn Gunnerød på Kleive (Molde kommune). Dei produserer mjølk med ca. 75 årskyr som blir mjølka med mjølkerobot, og driv kjøtproduksjon med storfe og gris.

28.-30. april:

  • Samling hos sauebonde Sveinung Malmefjord i Malmefjorden (Fræna kommune), som har bygd ny sauefjøs nyleg. Samlinga blir midt i lammesesongen.

30. juni - 1. juli:

  • Siste samlinga i Grøn framtid under 4H Møre og Romsdal sin fylkesleir på Gjermundnes vidaregåande skule.
  • Deltakarane skal ver med å instruere/halde kurs i nokre av emna dei har vor innom tidlegare. Fokus på pedagogisk opplæring og videreformidling.

Læringsressurser (utstyr, bøker, filmer, lenker etc.)

-

Organisering og arbeidsmåter


Veiledning med instruktør/lærer
Instruksjon med lærer
Diskusjon
Praktisk trening/arbeid

På to av samlingane bor deltakarane på garden, og er med på dei daglege gjeremåla. Vi ønskjer også å bruke ”meisterlære” som læringsmetode. Dette krev få elevar per meister/lærar og god tid. Mykje av fagstoffet er ”handlingsbåren kunnskap” og ”meisterlære” passer derfor særs godt til denne typen fag. Forhåpentlegvis vil dette også føre til at relasjonen mellom fagperson og elev blir sterk, noko som kan vere inspirerande og nyttig for begge partar både under og i etterkant av prosjektet.

Krav til lærer/instruktør

Alle kursholdere er profesjonelle med lang erfaring og god kompetanse innenfor sitt område.

Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i voksenopplæringsloven

  • Å gjøre det mulig for mennesker å påvirke egen livssituasjon.