8838 Med pinnar og garn

Mål:

Å halde i hevd handarbeidstradisjonar, og å oppdage gleda av å lage eigne bruksgjenstandar.

Målgruppe:

Ungdom 12-18 år

Antall deltakere:

Studieplanen er utarbeidet for 5 til 15 deltakere. Det vil ikke utbetales tilskudd til dette kurset dersom færre enn 3 deltakere fullfører kurset.

Eventuelle merknader:

Studieringen er tenkt brukt saman med 4H-prosjektet "Med pinnar og garn".

1. samling

Timer uten lærer: 3

Tema:

Planlegging

Stikkord:

Kva vil vi oppnå med arbeidet i ringen og korleis skal vi leggje det opp? Tid og stad for møta. (Det er lurt å merke av alle møta på kalenderen, så kan de lettare unngå møtekollisjonar) Kven kan vi samarbeide med eller få hjelp av? Innmelding av ringen til Studieforbundet natur og miljø (dersom dette ikkje er gjort tidlegare). Prosjektheftet og krav til prosjektet Avtale og plan (korleis og kvifor?) Tenk over og snakk om kva som bør stå i avtalar, arbeidsplanar og budsjett. Skriv ned stikkord på kladd og gjer ferdig desse sidene heime til neste møte. Drøft kva for klubbaktivitetar de vil gjennomføre i samband med 4H-prosjektet. Sett opp ein plan over kven som skal gjere kva, når og kvar de skal gjennomføre aktivitetane. Planlegg kva de skal kjøpe inn av materialar og utstyr før neste møte.

Arbeidsform:

Samtale og diskusjon

2. samling

Timer uten lærer: 3

Tema:

Materiellære

Stikkord:

Sjå på materialane som de har kjøpt inn og finn ut av merkelappen kva dei er laga av, korleis dei kan brukast og stellast. Er det ull, bomull, syntetisk eller blandingsgarn? Er det store skilnader i pris og kvalitet? Kva passar dei ulike garntypane best til? Start med eit av produkta de skal lage og arbeid vidare heime.

Arbeidsform:

Samtale og praktisk øving

3. samling

Timer uten lærer: 3

Tema:

Strikke/heklefastheit

Stikkord:

Prøv kor fast de strikkar/heklar og samanlikne med det som står i oppskrifta eller på garnmerkelappen. Prøv dykk fram med andre pinnar/heklenåler til det stemmer. Ta mål av kvarandre og finn ut storleiken dersom de skal lage klesplagg. Rekne ut kor mange masker de må leggje opp.

Arbeidsform:

Samtale og praktisk øving

4. samling

Timer uten lærer: 3

Tema:

Fargar

Stikkord:

Fargar. Prøv å setje saman fleire fargar. Kvifor er nokre fargekombinasjonar betre å sjå på enn andre? Snakk om "smak og behag" og motar i fargesamanheng. Lag strikke-/hekleprøver med to eller fleire fargar. Finn ut kva for fargekombinasjonar de vil bruke i dei fleirfarga arbeida.

Arbeidsform:

Samtale og praktisk øving

5. samling

Timer uten lærer: 3

Tema:

Mønster

Stikkord:

Mønster. Gå ut frå dei fargane de vil bruke i det fleirfarga arbeidet. Lag ei skisse av plagget/tingen og set på fargar. Prøv å overføre mønsteret til rutepapir (1 rute = 1 m). Hugs at det ikkje må vere lange, lause trådar på vranga. De kan også lage mønster berre ved å kombinere ulike typar masker, fellingar og aukingar. Prøv dykk på å lage eigne kombinasjonar.

Arbeidsform:

Samtale og praktisk øving

6. samling

Timer uten lærer: 3

Tema:

Montering og snorar og duskar

Stikkord:

Montering av strikke- og hekleplagg. Finn ut korleis dei einskilde delane skal syast/maskast saman på beste måte. Snorer og duskar. Lag prøver.

Arbeidsform:

Samtale og praktisk øving

7. samling

Timer uten lærer: 3

Tema:

Vask og stell. Oppsummering

Stikkord:

Vask og stell av produkt som er bunde. Korleis gjer vi dette på beste måte? Krymping, toving, over-farging og ufasong kan verte resultat av feil handsaming. Oppsummering av arbeidet i ringen.

Arbeidsform:

Samtale og praktisk øving

Litteratur/materiell for deltakerne:

4H-prosjektet "Med pinnar og garn" Strikking. Gammel teknikk i ny design (Gyldendahl) Hekling. Gammel teknikk i ny design (Gyldendahl)

Krav til lærer/instruktør:

Aktuell litteratur til støtte for lærer/instruktør:

Opplegg for evaluering: