398 4H Emnekurs

Godkjent for 4–8 timer  |  4–100 deltakere  |  inntil 100 % elektronisk kommunikasjon

Læringsmål

Deltakerne skal få innføring i emner de interesserer seg for, og utvikle seg som mennesker gjennom læring sammen med andre.

Målgruppe og ev. krav til forkunnskaper

Deltakere på 4H Storkurs

Innhold

Heldagskurs i ett av følgende emner/tema:

Kart, kompass og mat på bål

Veit du kva retning du skal gå for å komme deg frå A til B? På dette kurset lærer du å bruke kart og kompass, det er eit godt hjelpemiddel når du er ute på tur. Hugs at den lettaste vegen er ikkje nødvendigvis rett fram slik kompassnåla peikar, det er lurt å studere kartet også. Etter lunsj vert det matlaging på bål. Heile kurset er ute, ta på deg godt med klede.

Juleverkstad og batikkfarging

Er det på tide å oppgradere julepynten og t-skjortene dine? Då er dette kurset for deg. Før lunsj kan du bruke fantasien og lage flott julepynt. Etter lunsj kan du lære deg «tie and dye»-batikk og farge di eiga t-skjorte. Ved påmelding må du skrive kva størrelse du vil ha på tskjorta di.

Arrangørkurs og juleverkstad

Har du ein plan om å vere med å arrangere Landsleir eller vere sjef for klubbturen så er dette kurset for deg. Her får du mange gode tips – og du blir betre kjend med dei som er i hovudkomiteen til Landsleir. Etter lunsj kan du vere kreativ og kose deg med å lage julepynt.

Gaming

Likar du å spele spel på datamaskin saman med andre eller åleine. På dette kurset får du vere saman med andre og lære av andre som også likar det. Det vert lagt opp til at alle vel sjølv kva dei vil spele. Du må ta med eige utstyr.

4H-influenser og bli kjent med andre – eit grunnkurs

Vil du lære om korleis du best kan synleggjere 4H på Instagram, Snapchat og andre sosiale media? Då er dette kurset for deg. Etter lunsj får du eit grunnkurs korleis du skal bli kjent med andre.

Kaffi-kurs og psykososial førstehjelp

På kaffikurset kan klubbrådgjevarar og andre vaksne ressurspersonar dele erfaringar frå arbeidet i 4H eller stille spørsmål og få hjelp med medlemsregister og digital prosjektplattform. Etter lunsj vert det kurs i psykososial førstehjelp, der får du lære meir om å meistre akutte situasjonar. Dette kurset er for vaksenleiarar som er med på Storkurset og klubbrådgjevarar.

Læringsressurser (utstyr, bøker, filmer, lenker etc.)

Se kursinnhold

Organisering og arbeidsmåter

Veiledning med instruktør/lærer
Instruksjon med lærer
Gruppearbeid
Diskusjon
Rollespill
Demonstrasjon
Praktisk trening/arbeid
Studiesirkel (uten lærer)
Studiesirkel (delvis med lærer)

Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i voksenopplæringsloven

  • Å bidra til å vedlikeholde og styrke demokratiet og legge grunnlag for bærekraftig utvikling ved å engasjere og utvikle aktive medborgere.