1437 Hip hop- dans

Godkjent for 8 timer  |  4–15 deltakere  |  inntil 100 % elektronisk kommunikasjon

Læringsmål

Lære om dans som ei kunstform, og litt om bakgrunn og historikk.\\
Innlæring av ulike grunntrinn for å skape ein felles plattform for alle elevane.\\
I samarbeid planlegge og gjennomføre eit dansenummer og underhaldningsinnslag.

Målgruppe og ev. krav til forkunnskaper

Ungdom

Innhold

1. samling
Timer med lærer: 8
Tema
Hip hop / break

Stikkord
Del; 1 består av ein teoridel der deltakarane blir fortalt om dans som ei kunstform, og litt om bakgrunn og historikk. Den andre delen av del 1 består av innlæring av ulike grunntrinn. Dette er for å skape ein felles plattform for alle elevene. Seinare i kurset vil det bli oppmuntra til individuell utvikling av særeigne stilar i tillegg. Dette er for å få fram individa sine særtrekk.
Del; 2 går ut på å saman med andre personar planlegge og gjennomføre eit dansenummer og underhaldningsinnslag. Her er samarbeid eit viktig fokus. Planleggingsdelen handlar om fordeling av oppgåver, val av musikk og lydeffektar samt progresjonsperspektiv med tanke på tid. Gjennomføringsbiten av del 2 består av sjølve produksjonen av koreografi og innøving av desse. Musikkforståing, kroppsspråk og skodespel er viktige element her. Fysikk- og rørsletrening er også ein stor bit av del 2.

Problemstillinger
Korleis samarbeide i ei større gruppe for å lage eit produkt, i dette tilfellet eit underhaldningsnummer, og å klare dette samtidig som ein må halde ein tidsfrist?
Klarar ein å tillegge seg nye ferdigheiter samt memorisere eit system av rørsler til ulike rytmar både likt med ei gruppe og samtidig få fram sine eigne særtrekk?

Læringsressurser (utstyr, bøker, filmer, lenker etc.)

-

Organisering og arbeidsmåter

Se innhold

Krav til lærer/instruktør

God erfaring og kunnskap om dans, hip hop og breakdance.

Avsluttende prøve/eksamen

Munnleg under kurset. Skriftleg til arrangør etter kurset.

Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i voksenopplæringsloven

  • Å styrke kulturelt mangfold og bevare kulturarven gjennom læring.